PINSEJAZZ: Øystein Sandbukt har evnen til å formidle poetiske stemningar frå strengane. Gitaristen er no ute med ny CD, og deltok på fleire stasjonar i Vårsøghelga. Her frå Brekkøya. Foto: Eistein Bæverfjord

Det var stor stemning, og gjennom søget av vår, ølglas og feststemte menneske, kunne vi oppleva både Steinar Raknes Quartett, som jazza mest, og den halvjazzige barbershopkvartetten Herreselskapet, - som sjarmerte mest.

I tillegg fekk vi vi oppleva vår eminente gitarist Øystein Sandbukt, som vi skal ha ein kortfatta fokus på her.

Øysten har studert folkemusikken vår til minste detalj, og på dette grunnlaget har han lagt seg til ein heilt spesiell stil som er ganske unik blant gitaristar. Han greier det kunststykket å ta vare på originaliteten i denne musikken, samtidig som han går ganske langt i å improvisera.

Men Øystein bedriv ei snill improvisering. Det blir så smakfullt og elegant, og han overfører sin fine musikalitet til gitaren på ein slik måte at vi kan tru gitaren er fastgrodd på kroppen hans – og har nervetrådar i seg. - For å seia det mildt:

Dette er uvanleg bra! Så ved første anledning kan du trygt kjøpa den fine CDen han har laga!