I august  2016 er det 4.571 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,2 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 14,3 prosent frå same månad i fjor.

I august 2016 har vi 559 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 225 fleire enn i august 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5.130 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,6 prosent for kvinner og 3,8 prosent for menn.

I landet er det 84.669 heilt arbeidslause. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er inga endring samanlikna med same periode i fjor.

Ser ein på tala for Møre og Romsdal og samanliknar august med dei andre månadane i år ser ein at kurva peikar litt nedover fra julimålinga. Tala for kommunane i Driva-distriktet viser og ein nedgang i Surnadal og Halsa i talet på ledige i august sett mot juli, og august i fjor.

Mest går talet på ledige ned i Surnadal. Der er det ein nedgang på 10 mot juli og 14 fra august i fjor. I Nesset og Rindal går dei samla tala opp, mens Sunndal aukar i talet på ledige i august sett mot juli, men det er færre ledige enn på same tid i fjor.