Tordenskjold songlag arrangerar songarstevne første helga i juni. Rundt 300 songarar er venta.

Songlaget legg opp eit budsjett som viser 26.000 kroner i underskot og søkjer kommunal støtte.

Rådmannen i Surnadal meiner songlaget er for deffensiv i sitt budsjett og meiner dei kan få inn meir pengar sjølve.

Rådmannen seier i si saksutgreiing at songlaget kan auke kontingenten med 50 kroner og satse på litt meir på å få inn meir i sponsorinntekter.

Rådmannen tilrår ei kommunal støtte på 3.000 kroner, og viser til 13.000 på kontoen for ymse tilskott til kulturtiltak.

- Eg vurderer det slik at ein gir litt støtte til fleire, det vil vere litt som eit klapp på skuldra for innsatsen, seier rådmannen i sitt saksframlegg til formannskapet..