TRIVSEL: Dei afghanske ungdommane har stortrivst i Taekwon-Do-miljøet i Halsa i haust. Foto: Børre Normann

– Vi starta TKD-treninga i Halsa i fjor fordi vi tenkte at det ville vore ein fin aktivitet for asylantane, seier Børre Normann, leiar i Halsa Taekwon-Do-klubb. Han fortel at ingen av dei starta i fjor, men at det vart andre bollar då Hilde Hestflått tok over som leiar ved asylmottaket.

– Ja, i år kom dei til, og det har vore kjempemessig. Dei er ein så flott gjeng, det har vore ein berikelse både for klubben og bygda, seier Normann, og legg til at det å ha asylantane i miljøet har vore ei udelt positiv oppleving.

Han får støtte av Kjell Grunnar Polden, som er hovudinstruktør for Taekwon-Do-klubbane på Nordmøre. Saman med sonen Harald har han vore instruktør for utøvarane på Halsa ein gong i månaden, og Polden har berre positivt å seie om asylantane.

Rein glede

– Det har vore ei rein glede å ha med desse ungdommane å gjere. Dei har integrert seg så godt i miljøet og klubben på Halsa. Når vi har vore der har det vore så artig, så god stemning og mykje latter og moro. Og dei er usedvanleg høflege, seier Polden, og legg til:

– Eg tek av meg hatten for den jobben Børre Normann har gjort i Halsa, for å få asylantane med i klubben og lage eit opplegg rundt dei.

Både Normann og Polden trur Taekwon-Do-treninga har bidrege positivt til å integrere ungdommane i lokalmiljøet.

– Taekwon-Do-miljøet har nok vore ein god integreringsplass for dei, både overfor barn og vaksne. Vi har deltakarar frå 10-60 år, og her har dei fått treft litt folk. Vi føler vi har vore med å bidra litt i integreringa deira, seier Normann.

– Ja, eg trur det er viktig å få dei inn i slike miljø, same om det er Taekwon-Do, fotball eller skyting, berre dei kjem inn i eit miljø der dei får ei interesse, seier Polden, som trur at både teorien og det sosiale aspektet i Taekwon-Do har motivert asylantane til å lære seg norsk.

Eit stort tap

Børre Normann fortel at Taekwon-Do-klubben i Halsa kjem til å setje asylantane i kontakt med den næraste TaeKwon-Do-klubben på dei plassane dei no flyttar til.

– Å komme inn i eit slikt miljø er jo kjempefint for å byggje nettverk rimeleg fort, og vi veit at dei blir kjempegodt mottekne i TaeKwon-Do-miljøet, som legg vekt på at alle skal trivst uansett kva bakgrunn ein har, seier Normann.

Han tykkjer det er synd at dei afghanske ungdommane no må reise frå Halsa.

– Det er kjempetrist. Dei har trivdest veldig godt her. Eg håpar, og går ut ifrå, at dei får det fint dit dei kjem, seier han og legg til at det å miste asylantane er eit stort tap for Taekwon-Do-klubben og:

– Vi mistar det kulturelle mangfaldet vårt, og den ekstraverdien vi har hatt no i haust. Det har vore kjempeartig å ha dei med, så det blir heilt klart eit tap for oss å miste dei, seier Normann

Les meir i Driva på onsdag.