Språket vert sett under lupa i debatt i Svorkasalen i Surnadal kulturhus torsdags ettermiddag 16. mai. Det var i fjor Driva og Vårsøghelga kom i gong med debattkveld under Vårsøghelga i Surnadal.

– Vi tek opp ulike tema og i år er det språket som naturleg nok vert tatt opp i og med at det er språkår, seier redaktør i Driva, Sigmund Tjelle.

Tor Erik Jenstad, dialektmann frå Sunndal er hovudinnleiar.

Eit panel går saman og skal diskutere språk og dialekt.

– Korleis går det med språket vårt i desse nymoderne tider med Facebook og sms, vert det utvaska? spør Tjelle. Han håpar at mange tek turen på debatten, då det vert ope for alle.

– Eg håpar at folk som har meining om språket kjem.

Svein Sæter styrer debatten. Det vert og underhaldning i form av kulturelle innslag.

Gerd Ingrid Kvendset, som står i spissen for Vårsøghelga, seier til Driva ei veke før det brakar laus at alt går som det brukar gjere.

– Ein er aldri heilt i rute når det gjeld festivalar, det dukkar stadig opp noko, men vi har stort sett oversikt over kva som skjer. Vi har all veg nokre utfordringar med at vi tek i bruk nye arenaer kvart år. Ein del detaljar skal på plass. Vi brukar å kome i mål med eit naudskrik, det gjer vi vel i år og, seier ho.

Ho kan ikkje få skrytt nok av alle dei som gjer ein viktig og stor frivillig innsats før og under Vårsøghelga. Utan dei hadde det ikkje gått, meiner ho.

– Dei hjelper til med alt mogleg, frå billettsal til å vere vert. No mannar dei seg opp til ei stor dugnadshelg. Det fell på plass.

Kvendset slår fast at alle artistar kjem; ingen har meldt frå om noko anna.

– No er det berre om å gjere at folk melder seg på ymse arrangement som står på programmet.

Det vert ein litt spesiell 17. mai i år; med Kleivakveld.

– Eg gjekk meg ein tur på Kleiva ein kveld, og eg tenkte at berre det vert grønt, så vert det fint. Eg håper og at vêrgudane er med oss, då vert det ein fenomenal avslutning på nasjonaldagen. Det er ei svært spesiell stemning der.

Kvendset seier dei og gler seg stort til opningskonserten på Vårsøghelga; onsdag 15. mai, med Jostein Ansnes og folk frå Øra Fonogram.

Driva kjem med temanummer om Vårsøghelga onsdag 8. mai, der kan du lese meir om programmet og detaljar kring arrangementa.