- Dette erein beskjed vi har venta på, seier stortingsrepresentantane Tove-Lise Torve,Arbeidarpartiet, og Jenny Klinge, Senterpartiet. Dei har fulgt opp denne saka saman overforsamferdselsdepartementet i planlegginga av ny Nasjonal transportplan (NTP).
- Den nyetransportplana viser kva vi skal gjera i samferdselspolitikken dei neste tiåra, og å få midlar til strekninga Tingvoll-Meisingset på Rv 70 har vore viktigfor oss, seier Tove-Lise Torve.
– Dette er ei vegstrekning med altfor dårlegstandard per i dag, og noko må gjerast. Derfor er det gledeleg at prosjektet fårmidlar til å starte utbetring og delvis omlegging i første del av NTP-perioden,mellom 2014-2017.
Jenny Klinge fortel at av 360 millionarkroner som blir avsett til prosjektet i tiårsperioden, kjem 130 mill dei førstefire åra.
– Eg sat i Transport- og kommunikasjonskomiteen i forrige periode, ogkjempa då for å få inn ei formulering om nettopp denne strekninga. Det fekk vitil då, og no er det positivt å sjå at det blir fulgt opp vidare. Dette handlarom næringstransportar og om folk som ferdast til og frå arbeid ogfritidsaktivitetar, seier Klinge.
Folk somkøyrer på strekninga fortener ein god og trygg veg, og heldigvis vil standardenbli betre no framover, seier ho.
– Dette føreset sjølvsagt at komande regjeringfølgjer opp plana. Den raud-grøne regjeringa har som første regjering vist evnetil nettopp å løyve dei pengane som er innlagte til ulike prosjekt i NTP, og vikjem til å halde fram med dette om vi får fortsetje i regjering, avsluttarTorve.
Nasjonal Transportplan (NTP) gjeld for neste tiårsperiode, fram til 2023.