– I Nedre Surnadal har det vore stor nettrafikk, og nettet tok til å bli ustabilt. Med den teknologien vi har brukt har det ikkje vore att frekvensar, og det har dessverre ein del folk som nyttar sendarane våre på Heståsen og Sæterlia opplevd problem med, seier Håkon Solvik, dagleg leiar i Svorka Aksess. Han fortel at dei no har gjort grep dei meiner vil løyse problemet:

– For å møte den auka trafikken byggjer vi ut med nytt kundeutstyr og nye sendarar i tillegg til dei vi har i dag, og spreier kundane ut på desse. Det nye utstyret spreier belastninga utover og handterer større bandbreidde enn det gamle, seier Solvik.

Les meir i mandagens Driva.