STEMNING: Allsongkveld med Todalskoret, Åsskard kyrkjekor, Runa Tunheim, Peder Hønsvik, Gro Løfaldli og dirigent/programleiar Bernt Bøe. Foto: Jon Olav Ørsal

Pinseaftan i Todalen kyrkje var ei høgtidsstund i dobbel forstand, da det i regi av Vårsøghelga og kyrkjas 150-årsjubileum vart arrangert allsongkveld.

Medan kyrkjetenaren ringte inn høgtida, samla folk seg i kyrkja for å ta del i allsongkvelden.

Aldri har nok allsongen ljoma så fin i Todalskyrkja, saman med Todalskoret, Åsskard kyrkjekor, og forsterka med musikarane Runa Tunheim på fele, Peder Hønsvik på trekkspel og Gro Løfaldli på bass.

Og kromtappen i det heile, Bernt Bøe, trakterte pianoet og leia programmet på ein framifrå måte. I tillegg fekk vi solosong med Knut Iversen, som framførte 3 folketonar der "Å, eg veit meg eit land" var favoritten.

Les meir om allsongkvelden i onsdagsavisa.