Det var med stor sorg vi tok i mot bodskapen om at Anders Talgø hadde gått bort.

Anders vart i 1975 tilsett som lærar ved Surnadal vgs, av dåverande rektor Jon Birger Drøpping. Han var på det tidspunktet nyutdanna realfagslærar, ei utdanning han tok ved lærarhøgskolen i Trondheim.

Som fagmann viste Anders stor interesse for faga sine, spesielt naturfag, botanikk og biologi. Han var særs oppteken av miljø og naturvern, noko han og engasjerte seg i både på arbeid og i fritida.

Allereie i 1976 vart Anders rådgjevar ved skolen. Rådgjevarrolla kombinerte han med realfagslærarjobben. Han hadde ei særleg interesse for enkelteleven og det sosialpedagogiske arbeidet, og i 1977 tok han etterutdanningskurs innafor sosialpedagogikk. Anders vart opplevd som stillferdig, roleg, beherska og tolmodig, eigenskapar som kom godt med både som lærar og som rådgjevar.

Anders viste tidleg interesse for leiing, og vart tilsett som studieinspektør allereie i 1981. På 90-talet tok han vidareutdanning innafor leiing ved universitetet i Bergen. Han hadde stor arbeidskapasitet, var uthaldande og målretta, noko som ikkje minst kom til syne når han kvar sommar før han tok ferie, la timeplan for alle klassar for kommande skoleår. Først for hand, men etter kvart med hjelp av nye timeplantekniske program på data. Å sjølv kontinuerleg tileigne seg kunnskap, og ta i bruk nye hjelpemiddel, var ei styrke Anders hadde på alle fagområde. Han var dyktig til å lære seg ting sjølv.

Data var ein av dei store interessene hans, Anders var framsynt og sørga tidleg for at skolen var godt utstyrt med datateknisk utstyr. Digitale hjelpemiddel vart ikkje berre bruka til timeplanlegging, men det vart og tidleg hjelpemiddel i faga, både i mekaniske fag, elektro og innafor allmenne fag.

Anders arbeidde som inspektør fram til han vart tilsett som rektor 1. januar 2000. Som rektor utprega Anders seg som lojal, han hadde eit godt forhold til sine overordna på utdanningsavdelinga i Molde, og han vart av tilsette og elevar oppfatta som både hjelpsam og snill. Han strekte seg langt for å gjera det beste for alle på skolen. I 2014 gjekk han av med pensjon, etter heile 14 år som rektor ved skolen.

Anders har i sin yrkeskarriere frå 1975, gjennom rollene som lærar, rådgivar, inspektør og rektor, hatt stor betydning for Surnadal vidaregåande skole. Han har stått i spissen for omfattande renovasjonsprosjekt, der store delar av bygningsmassen vart fornya både innvendig og utvendig. Han var sterkt delaktig i heile byggeprosessen då skolen fekk sitt siste nybygg med bibliotek, ny kantine, Surnadals flottaste auditorium og nye kontor for heile leiinga.

Anders har i åra som rektor og måtte stå i mange kampar for å sikre tilboda ved skolen. Det kunne vera mange syn og meiningar blant politikarar, næringslivsleiarar, foreldre, elevar og tilsette om kva tilbod skolen skulle ha til ei kvar tid. Som rektor arbeidde han for at skolen måtte ha eit så breitt tilbod som mogleg. Han innsåg at han leia ein liten skole i ein utkant med konkurranse frå mange hald. Da måtte det satsast på breie fag som grunnlag for eit godt tilbod til dei fleste elevane, anten dei hadde mål om fagutdanning med fagbrev eller ynskte å studera ved universitet eller høgskole. På denne måten var Anders med og la eit godt grunnlag for skolen slik den framstår i dag.

Vi vil minnast Anders som ein dyktig fagmann og ein god kollega gjennom 39 år ved Surnadal vidaregåande skole.

Vi lyser fred over Anders Talgø sitt minne.

Av Surnadal vidaregåande skole.