Turid Leirvoll Øverås frå Nesset er valt til ny styreleiar i Bjørnsonfestivalen. Foto: Elin Høstmark

Ho representerer Nesset kommune som er ein av stiftarane saman med Molde kommune. Øverås arbeider som kulturkonsulent i Nesset og er ansvarleg for Bjørnsonfestivalen sine arrangement der. Ho har siste år vore nestleiar i styret.

Det nye styret for festivalen er, forutan Leirvoll Øverås, Lars Aarønæs (NFF) nestleiar, Tale Næss (DnF), Frøydis Austigard (V), Eva Britt Mauseth (H), Thomas Bjørnager (TV) og Tone Folke-Olsen (frivillige). Styret rettar i ei pressemelding ein stor takk til avtroppande styreleiar Arnt Sommerlund som har leia arbeidet gjennom ei krevjande tid med stifte og rekruttering av festivalleiar samstundes som festivalen er for fullt inne i arbeidet med bygging og forming av nytt kulturhus. Ny styreleiar og nytt styre har mange utfordringar, men og eit godt grunnarbeid å bygge vidare på.

Stiftelsen Bjørnsonfestivalen held sitt årsmøte den 16. mars. Styret la fram årsmelding og rekneskap som syner overskot på kr 549.000 kroner, som dei omtalar som eit godt grunnlag for vidare arbeid og aktivitet.

«Det nye styret er optimistiske for kommande festivalar med ny festivalsjef, Rolf Magnus Orø som snart kan tre inn i stillinga for fullt. Styret deler hans visjonar om å utvikle festivalen slik at den blir synleg gjennom heile året. Det knyter seg og store forventningar til det nye kulturhuset Plassen der Bjørnsonfestivalen får fast plass saman med fire andre kulturinstitusjonar. Festivalen er inne i ein omorganiseringsprosess der vi i tillegg til festivalleiar skal ha på plass fleire kuratorar/kunstneriske konsulentar. Dette håper vi skal auke breidda og aktualiteten i programskapinga».