Gunnar Wentzel gjekk 1. august 2011 av som organisasjonssjef i Møre og Romsdal Bondelag ved aldersgrense 62 år og over i pensjonistane sine rekker. Han har lang og tru teneste for landbruket i Møre og Romsdal etter over 33 års engasjement på fylkeskontoret i Møre og Romsdal Bondelag. Wentzel har lagt ned stor innsats, og framstått som ein arbeidsvillig, kunnskapsrik og engasjerande talsmann for bøndene og landbruket i Møre og Romsdal.

Oslo-guten Gunnar Wentzel er no som pensjonist ”heiltidsbonde” heime på garden på Strande aust for Molde som han flytta og gifta seg til. Han vart 1. januar 1978 tilsatt som organisasjons- og informasjonskonsulent i M&R Bondelag. 1. mai 1988 tok han over organisasjonssjefsstillinga i M&R Bondelag fram til 1. august 2011. Han har samarbeida med ni fylkesleiarar sidan han begynte i Bondelaget i 1978.

Forutan det faste Bondelagsarbeidet gjennom 33 år, har Gunnar Wentzel m.a. vore sekretær for Samarbeidsrådet, som omfatta Samdistribusjonsutvalet i 10 år, sekretær for Landbruksveka i Møre og Romsdal i 7 år, møtt i SND/BU-styret og Rovviltutvalet, leiar i styret for nasjonalt Prosjekt Betong i landbruket, og prosjektleiar for nasjonalt prosjekt Landbruket og verneplan.