Foto: Steinar Hasselø

Fredag blir vedlikehaldsarbeidet i Freifjordtunnelen ferdig.

Freifjorden har drope jamnt over bilane i dei fleste åra sia tunnelen opna, og spesielt ille har det vore dei siste sju åra.

Platene i taket rusta opp og representerte ei fare for trafikkantane som nok meinte dei betalte i meste laget for å passere gjennom ei ”feilvare” av ein tunnel.

Statens Vegvesen starta difor opp med å utbetre tunnelen i august i fjor.

94 000 kvadratmeter med ny teltduk sikrar no at saltdropane ikkje dryp ned på vegbanen. Nye armaturar sikrar betre ljos, nye vifter sikrar betre luft, og i tillegg er skiltinga betra og asfalten nylagt.

Arbeidet har i hovudsak skjedd på kvelds- og nattestid, og dei kjørande har difor kjørt i kolonne frå sju-tida på kvelden til seks om morgonen.

Utbetringa kjem seg på rundt 245 millionar kroner.