FLINKE ARTISTAR: Per Husby (frå venstre) og møremusikarane Jo Inge Nes, Øystein Sandbukt, Audun Skorgen og Peter Wergeni stod for underhaldninga. Foto: Anita Land

Laurdag var det duka for allsongkveld i Bondehuset i Stangvika. Med eit repertoar som inneheldt alt frå jazz og gamle klassikarar til "Hallelujah" og "Vårsøg", var konserten prega av ei lett og god stemning.

Heile aldersheimen tok turen til Bondehuset, og det sørgde for eit imponerande aldersspenn blant deltakarane - frå to til 97 år.

Anita Land i aktivitetsgruppa i Stangvik Grendalag var storfornøgd med konserten:

– Konserten var veldig underhaldande, med flinke musikarar og artige historier. Og så var det jo så utruleg artig at heile aldersheimen kom, seier Land. Ho fortel at Eva Østbø har vore primus motor for å ordne med transport for bebuarane.

I tillegg til allsong med Per Husby og møremusikarane var det sal av både middag, gløgg, kaffe og kaker. Tidlegare på dagen vart det og arrangert lysstøyping og pepparkakebaking for ungar. Det var altså eit stort spenn i aktivitetar og tilbod i Bondehuset denne laurdagen. Og nettopp det er viktig for Stangvik Grendalag:

– Det er viktig at folk i små bygder som Stangvik har slike møteplassar, og at ein på den måten får opp aktiviteten i bygda, seier Anita Land.

Og dei om lag 40 oppmøtte såg ut til å kose seg.

– Vi hadde nok håpa at litt fleire kom, men det viktigaste er at dei som var der kosa seg, seier Land, som gjev mykje av ære for det til musikarane:

– Både Per og møremusikarane med Jo Inge Nes i spissen er veldig flinke til å dra opp stemninga. Dei er utruleg gode både som musikarar og entertainarar. Det er kjempeartig at så gode musikarar som Jo Inge, og også Trygve Brøske, stiller opp for heimbygda si.