EKSTRA: Mange har sikra seg plass til denne gjengen kjem til Surnadal og Sunndal neste helg.

Det blir eit etterlengta gjensyn med «Famntak» i Surnadal laurdag 11.desember og i Sunndal kvelden etter. Og iveren for å få med seg surnadalsgruppa er så stor at kulturhuset i Surnadal allereie no må setje opp ein ekstrakonsert.

Kulturhusleiar Karstein Telstad fortel at det berre er seks-sju billettar att til den planlagte konserten, og reknar med at trykket om ekstrakonsert ville kome rimeleg fort:

– Så vi har allereie no bestemt oss for ekstrakonsert og den blir etter den oppsette konserten på laurdagskvelden.

Dermed blir det seinkveld for «Famntak». Og kjenner vi musikarane rett, er det ikkje fare for at stemninga blir spakare utover kveldstimane.

Famtak-gjengen vil varte opp med mykje av godt gamalt merke, som tidlegare er utgjeve på dei to platene «Famntak» og «Leirfivellandet», basert på mellom anna Hans Hyldbakk og Jørgen Gravvold-tekstar.

Og dei vil by på noko heilt nytt, lovar Jostein Ansnes.

Les meir i Driva onsdag.