Salet av billettar til konserten med Nordic Voices tok aldri heilt av. Det tok seg litt opp etter at det under Kleivakvelden vart annonsert at dei hadde redusert billettprisen til det halve.

Uansett, publikum i Storstuå pinseaftan var entusiastisk - og hadde god grunn til det.

Nordic Voices var like profesjonelle i si framføring kor dei song italiensk renessansemusikk, samtidsmusikk spesialskrive for dei eller dei song i overtonestemmer. Det dreier seg elles ikkje berre om presisjon og perfeksjonisme. Musikken blir framført med slik innleving, humør og utstråling at det rett og slett blir god underhaldning av det. Men det er vel det som kjenneteikner artistar som gjer suksess.

Trass at vi fekk heile tre voggeviser, var vi aldri i nærleiken av å somne i Storstuå laurdag kveld.

Så fekk vi eit svært så akrobatisk innslag med dansaren Navid Rezvani. Han er kjend frå Norske talenter og viser seg å vere mykje meir enn berre ein akrobatisk dansar. Han legg også store kjensler i dansen og kan sikkert danse alt han måtte bli sett til.

Det er ikkje til å unngå at den virtuose songen kjem litt i bakgrunnen med ei slik kraftutfaldelse på scena i tillegg.

Nordic Voices vart applaudert inn til ekstranummer - og etter kveldens siste vare voggevise reiste publikum seg spontant og ga ein solid trampeklapp til farvel.