Ein vakker songstemme og ein trillande latter har tagna. Eit varmt hjarte og flittige hender er lagt til kvile. Ildrid Aasgård Bævre er ikkje blant oss lenger.

Ho levde første barneåra i Settemsdalen før familien flytta til Olastua på Åsgard. Jenta med det lyse sinnet og den fine songstemmen gjorde tidleg inntrykk på alle. Som lærar Bjarne Megard sa det: - Ho Ildrid, det va solstrålin, det!

Som mor, bestemor og oldemor var ho det varme midtpunktet i familien. Dette kom fint fram i etterkomarane sine minneord under gravferda i Åsskard kyrkje. Og husflidskunsten hennar er arvegods hos mange - også langt utanfor familien. Ho må ha vore uvanleg flittig: På eitt år kunne Ildrid brodere hundre bunadvesker!

Songen var ein kjær hobby som ho dyrka med kunst og lidenskap. Som korsongar hadde Ildrid rike ressursar og lang fartstid.

Slik var ho også den fremste karakteren i «Bævertrall» - visegruppa som vart ein sosial, musikalsk og poetisk kulturfaktor. Leiar, gitarist og husdiktar Jørgen Gravvold skapte perler med eigne melodiar og tekster. Han henta også heim annan norsk og utanlandsk visekunst, med «Bævertrall» og da ikkje minst Ildrid som formidlar. CD-en «Viså vår» er eit verdig minnesmerke.

Etter å ha sunge i fleire songlag var ho frå 1970- til 90-åra ein glitrande stemme i Åsskard Kyrkjekor. Det er ei glede å høre opptak med henne som kvalitetsberar der. Korvenner med meg tenkjer i glede tilbake på øvingskveldar og konsertar, anten det var på Bøfjordskulen eller i sjølvaste Nidarosdomen: Ildrid var både stemmen og smilet som lyste opp!

Takk for gode minne. Gjenklangen lever!

Bernt G. Bøe