Vil kunne auke rekruttering, bolyst og blilyst i Bøfjordskriv styret i søknaden til kommunen.

Her er heile brevet:

Styret for Bøfjorden privatskule sendte den 31.03.13 søknad til utdanningsdirektoratet om å starte opp skuledrift i bygda frå hausten 2014. Dette blei gjort på grunnlag av ønske frå eit stort fleirtal av foreldre i Bøfjorden som ønska eit skuletilbod for borna i nærmiljøet deira. Det er også interesse for eit slik tilbod frå foreldre i bygder rundt Bøfjorden.

Bøfjorden skule vil bli ein privat skule på religiøst (kristent) grunnlag. Det er også utarbeidd planar for å bruka nærmiljøet og ressursar i bygda i undervisninga, dette vere seg både næringsliv, natur og ressurspersonar.

Vi håpar med dette å skape ein arena der fysisk aktivitet er ein del av undervisninga, der elevane blir kjent med historia, tradisjonane og mulegheitene i nærområdet sitt. Eit slik foretak som dette trur vi er innovativt og vil vere med og gjere bygda meir attraktiv for både store og små.

Situasjonen no er at vi ser etter løysingar for lokaler å drive skulen i, vi håpar først og fremst på ein avtale med kommunen om å få bruke skulebygget i Bøfjorden . Vi kan nemne fleire årsaker til at dette er vårt første val:

 Skulebygget er bygd for skuledrift.

 Skulebygget er i dag tomt, utanom gymsalen som er bruka av barnehagen og SFO.

 Barnehagen er i påbygg på skulen og vanskeleggjer skulebygget til anna bruk.

 Uteområdet er laga for barn og leik.

 Oppvekstsenterideen fungerte svært godt i Bøfjorden, med privatskuledrift her hadde det vore ønskjeleg frå vår side å få til eit samarbeid med den kommunale barnehagen som er tilknytta skulebygget. Vi meiner dette er viktig for borna spesielt i overgangen frå barnehage til skule, men også for dei andre aldersklassane.

 Skulebygget ligg sentralt i bygda og er optimalt plassert når det gjeld reiseavstand for ungane. For dei aller fleste borna i Bøfjorden er det gå- og sykkelavstand hit.

 Det er kort veg til skogen, fjellet, sjøen, dyrkamark og næringsliv.

 Kort veg til friluftsområde med m.a gapahuk.

 Skulen har alltid vore ein institusjon og møteplass for bygdafolket, og dei fleste kjenner som eit eigarskap i skulebygget.

 Dette eigarskapet er også eit resultat av mykje dugnadsarbeid, både på barnehagebygget og uteområdet. Ein del av inventaret i skulebygget er også kjøpt for midlar samla inn av bygda.

 Gymsalen og uteområdet er også i dag bruka til trim og leik utanom skuletid.

Vi meiner at vår etablering av privatskule drive i skulebygget vil kunne auke rekruttering, bolyst og blilyst i Bøfjorden og vere eit positivt bidrag i kommunen si omdømmebygging.

I eit vedlegg til søknaden skriv styret vidare:

Forslag til bruk av skulebygningen i Bøfjorden.

Da kjøp av bygningen er uaktuelt på nåverande tidspunkt, har vi forslag på slik bruk av skulebygningen:

Barnehagen v/Surnadal kommune og Bøfjorden privatskule deler på utgiftene til vaktmester, vasking, snøbrøyting, vassavgift, slamavgift og renovasjon.

Bøfjorden privatskule betaler strømutgiftene for den delen av bygningen som dei brukar. Evt. ei fordeling med barnehagen når det gjeld gymsalen.

Surnadal kommune som huseigar betaler forsikring og vedlikehald på bygget.

Bøfjorden privatskule kan i tillegg betale ei lita husleige.

Alt skulemateriell som er på skulen er til disposisjon for Bøfjorden privatskule.

Alt dette under forutsetting av at det blir starta opp privatskuledrift i Bøfjorden.

Viss det blir oppstart av privat skule og det viser seg at denne er liv laga, kan det vera aktuelt å forhandle om kjøp av bygningsmassen etter f.eks. 3 år.