Tollvesenet purrar no dei køyretøyeigarane som ikkje har betalt årsavgifta og dei som har betalt

for seint. Eigarane skuldar staten totalt 795 millionar kroner.

Tollvesenet sendte i februar ut 3,6 millionar krav om årsavgift med betalingsfrist 20. mars. 328 000

krav er enno ikkje betalt. Delen av krava som Tollvesenet no purrar, har minska frå 9,4 prosent i

2012 til 9,2 prosent i år. Årsavgifta gir staten 9,2 milliardar kroner i inntekter.

Sogn og Fjordane er det fylket som kjem best ut, der 7,0 prosent av årsavgiftkrava ikkje er betalte. I

den andre enden av statistikken finn vi Finnmark, der 11,1 prosent får purring i posten.

Dei som får purring har anten ikkje betalt årsavgifta eller betalt avgifta for seint. I begge tilfelle må

dei no betale ei tilleggsavgift. Har du betalt etter forfall, skal berre tilleggsavgifta betalast. Fristen

for å betale krava er 10. mai. Dersom årsavgifta eller tilleggsavgifta ikkje er betalt innan fristen,

vedtek Tollvesenet køyretøyet avskilta.