Kommunen skriver følgende på sin nettside: Ved Prestelva vassverk i Stangvik er situasjonen no normalisert.

Tilsiget av vatn har auka noko kvar dag.  På grunn av langtidsvarslet oppmodar vi likevel abonnentane om å spare på vatnet.

Det blir framleis køyrt vatn til dei utsette tankane ikring.

Fredag vart alle som har stått på seint og tidleg dei siste vekene i samband med vassforsyninga, hedra med kake av ordførar Mons Otnes og kommunen.