Viktig med rotfeste

Vi lever i eit samfunn som endrar seg i rekordfart. Så fort går utviklinga at mange av dagens unge ikkje får med seg viktig kunnskap om den nære fortida. Ei tid med færre materielle goder enn det vi har tilgang på i dag. Dagens tredve førtiåringar er den siste generasjonen som vaks opp utan at dataspel og sms-meldingane dominerte dagane.

I lys av dette er det viktig med møtestader der vi tek vare på og tileignar oss ny kunnskap om livet før i tida. Førre vekes konferanse om kulturminne og verdiskaping i Ålvundfjord var ein slik møtestad. Det gode frammøte viser at temaet engasjerer.

Også i våre region ønskjer vi å få flest muleg turistar på besøk. Dei etterspør natur og kulturminne. Konferansen i Ålvundfjord tok utgangspunkt i korleis kulturminne best kan takst vare på. Leiar Simen Bjørgen i Norsk kulturarv kom med ei klar oppmoding til politikarane. Han meiner dei i den viktige omdømebygginga bør prioritere arbeidet med kulturminne. Mange utanlandske turistane er spesielt interessert i dette. Lokalt er det arbeidet som no står føre med skimuseet i Rindal eit godt døme på kulturminne med lokalt rotfeste. Det same er Husasnotra i Valsøyfjord.

Ålvundfjord bygdalag med Nils Ulvund i spissen fortener ros for å ta tak i temaet og gje arbeidet med å bevare kulturminna den statusen det fortener. Vi trur verdiskaping tufta på kulturminne blir viktigare og viktigare framover. Vi har alle godt av å sjå oss tilbake for slik å kunne møte framtida på best muleg vis.

I dag finst det mange tilskotsordningar som kan hjelpe privatpersonar med å ta vare på kulturminna. Dette er eit arbeid som framtidige generasjonar vil vere takksame for.

Så fort går utviklinga at mange av dagens unge ikkje får med seg viktig kunnskap om den nære fortida.