Det var i fellesmøte mellom kommunestyret i Sunndal og Sunndal Næringsforening, med tema konkurranseutsetjing, at politikar Erling Outzen tordna:

– Det er mesta som ein kan lure på om delar av det private næringslivet ønskjer seg ein slags sugerørskapitalisme, at delar av det private næringslivet er i ferd med å bli eit tæringsliv som ikkje kan finne på anna enn å tære på det offentlege.

– Ikkje for forteneste

– Konkurranseutsetjing kan berre vere billigare enn vanleg offentleg drift om dei tilsette får dårlegare vilkår, og tenestene vert dårlegare. Fagforbundet, som organiserer dei fleste kommunetilsette i Noreg, er imot konkurranseutsetjing og privatisering av kommunale tenester. Det er SV og!

Outzen held fram til Driva:

– Kommunen driv ikkje for fortenesta si skuld, men det gjer private. Det er greitt om næringslivet held på med det dei skal halde på med, men det er ikkje greitt om dei tek middel frå kommunen, meiner Outzen.

– Kompetansen er allereie i Sunndal. Om man sett ut meir på anbod er eg redd kompetansen vil forsvinne ut av kommunen, seier Arve Baade (Ap).

– Næringslivet er ikkje interessert i å øydelegge tenestetilbodet eller stele oppgåver, vi vil sjå kva vi kan bidra med for at Sunndal skal verte ein betre kommune å bu i, sa Asbjørn Tronsgård frå næringslivet. Han tykker det er bra at kommune og næringsliv finn ein arena å snakke saman på.

– Optimale løysingar

Eit frukostmøte i fjor, med påfølgjande brev til kommunen, var grunnen til møtet. Diskusjonen viste partimotsetningar.

Lars F. Hjetland (Ap) vil ha noko konkret frå næringslivet, då han tykker det er vanskeleg å diskutere saka utan.

– Det kan bli ein vinn-vinn-situasjon om kommunen sett ut meir til private, meiner Torstein Ottem, leiar i Sunndal næringsforeining.

Rådmannen peika på at Sunndal kommune har hatt gode inntekter, men at det har stramma seg til siste åra, noko som resulterte i ein gjennomgong av kostnader i 2011, med dertil innsparingstiltak:

– Sunndal har lite som er konkurranseutsett, slik som andre små industrikommunar. At mykje er lovpålagt betyr ikkje at det ikkje kan konkurranseutsettes.

Ordføraren la fram frykta for kva som kan skje om ein byter ut offentleg med privat monopol; korleis ein då kan ta det attende seinare. Han slår fast at det ikkje er aktuelt å sette ut kjerneoppgåver.

– Debatten var interessant og næringslivet må kome med konkrete forslag på kva dei vil og kan tilby kommunen, før budsjettmøte. Då har vi noko å sjå på i utvala.