FAST INNSLAG: Vårsøg høyrer med på Kleiva, og kjem alltid til slutt. Henning Sommerro og John Pål Inderberg i samspel med Runa Godal Tunheim frå Halsa. Foto: Rita Aarnes

Når Henning Sommerro ville ha med folket på Hyldbakk sin "Svarrabærje" litt uti programmet, ja så svarra det lattermildt attover skråninga på Kleiva. Frå eit publikum med ullklede, regnjakkar, hetter, sydvestar og støvler.

Men i like godt humør som vanleg.

Oppslutninga om kvelden såg ikkje ut til å vere noko dårlegare enn tidlegare år, sjølv om vêret godt kunne vore nokre hakk betre.

Med Jenny Klinge som munnrapp og stødig los, vart kvelden uansett ein triveleg og stemningsfull seanse. Som vanleg. Leia an av radarparet Hennning Sommerro og John Pål Inderberg, også det som vanleg. Det er slik vi likar det!

Kvelden baud elles mellom anna på 11 flotte barne- og ungdomsdikt, joik av Inga Juuso og ei avsluttande avdeling med kveldens store trekkplaster Odd Nordstoga, - som hadde gledd seg lenge til å spele i lag med Henning, røpa han.

- For eg har høyrt at han heller ikkje er så nøye med å øve, skratta Nordstoga.

Stemning vart det i alle fall når trubaduren frå Vinje baud på kjende songar frå den siste plata si, og vi skal heller ikkje gløyme den gode gamle slageren om grisen som hylar, og urframføringa av songen "Jonsokdans".

Runa Tunheim har i mange år vore elev i kulturskulen, og er i ferd med å bli ein dyktig fiolinist. Ho var med på scena under både "E Slåttatæja" som opna kvelden, og "Vårsøg" som runda han av.

Kleivaprisvinnar Dordi Skuggevik Tande vart den kanskje aller største skoddeklyvaren denne kvelden, glad over endeleg å få skinnfellen og ikkje minst heideren frå heimbygda, og slagferdig som alltid:

- Na satt betterde' langt inn' sa ho, og sikta vel til at det var 25 år sidan utvandringshistoria hennar kom ut, den som nok var hovudårsaka til at prisen vart henne til del.

Henning Sommerro delte ut prisen til ei han har samarbeidd mykje med opp gjennom åra, og det vart ein kosteleg seanse med utdelar og mottakar oppe på Kleivascena.

Les meir i Driva onsdag.