Torske var onsdag invitert av kommunestyret i Sunndal for å ta for seg kommunereguleringane på 1960-talet. Noverande Sunndal kommune var da spreidd utover fire kommunar: Sunndal, Ålvundeid, Øksendal og Stangvik (Ålvundfjorden). Stortinget hadde sett ned ein komite som skulle greie ut ny kommunestruktur. Dei brukte eit par ti-år på arbeidet, utan at dei lokale kommunane skal ha noko av skulda for det langvarige arbeidet. Jau, representantane frå Schei-komiteen slo fast allereie etter første møte med kommunane rundt Sunndalsfjorden at dette såg greitt ut.

Det var rett nok diskusjon om Ålvundeid heller skulle gå til Stangvik, Jordalsgrenda til Nesset og Almskår til Tingvoll. Men gardbrukaren på Almskår reiste sjølv til Sunndalsøra og så fråat dei heller ville dit, og dei andre vendte nasen samme veg.

Les meir i fredagens Driva.