BESTE SPELAR: Guro Reiten vart med sine 17 scoringar på sju kampar kåra til beste spelar under G-Sport Cup i Molde i helga. Foto: Ingrid Ellevset

Sunndal fotball stilte med to damelag og tre jentelag i G-Sport Cup i Molde i helga, og gjorde reint bord i seniorklassa, der Sunndal 1 møtte Sunndal 2 i finalen.

Førstelaget vann finalen 7-2, og forsvarte dermed fjorårseieren i cupen.

Sunndal 1 hadde imponerande 60-4 i målforskjell på sju kampar, og semifinalen mot Træff (2-0) var den einaste kampen laget ikkje vann med minst fem mål.

Guro Reiten, som stod for heile 17 scoringar på berre sju kampar, vart kåra til den beste utespelaren i dameklassa, medan Hilde R. Vebenstad vart kåra til den beste målvakta i same klasse.

Av dei yngre laga vart Sunndal 2 og Sunndal 3 utslått etter det innleiande gruppespelet, medan Sunndal 1 rauk ut i kvartfinalen.

Damelaga sine kampar:

Innleiande gruppespel:

Sunndal 1 - Batnfjord 12-0Sunndal 1 - KIL/Hemne 2 11-1Sunndal 1 - Træff 2 5-0Sunndal 1 - Clausenengen 15-0

Sunndal 2 - Molde 5-0Sunndal 2 - Træff 1 1-0Sunndal 2 - KIL/Hemne 1 0-2Sunndal 2 - Kårvåg/Havørn 7-1

Kvartfinale:

Sunndal 1 - Molde 8-1Sunndal 2 - Clausenengen 7-1

Semifinale:

Sunndal 1 - Træff 1 2-0 Sunndal 2 - KIL/Hemne 1 2-1

Finale:

Sunndal 1 - Sunndal 2 7-2