Før sesongen spådde fleire tippeselskap at både Volda og Surnadal kjem til å slite i botnen av 3. divisjon avdeling 9 denne sesongen. Begge laga har i ettertid uttala at dei meiner dei kjem til å berge plassen i avdelinga.

Laurdag møttest dei to laga i Volda, og det var heimelaget som kom best i gong, med fleire mulegheiter dei første ti minutta. Etter 13 minutt kjem målet, når eit Christoffer Bjerknes-skot frå om lag 30 meter fører til 1-0 til sunnmøringane. 19-åringen scora og då Volda slo Surnadal 4-1 i det tilsvarande oppgjeret førre sesong.

Skapte sjansar

Den gongen var Surnadal i føringa 1-0 til pause – laurdag var situasjonen snudd. Bjerknes sitt mål viste seg nemleg å verte det einaste i første omgang, til trass for at Surnadal skapar ein del sjansar utover i omgangen. Mellom anna har laget ein god periode midtvegs i omgangen, som fører til ein stor sjanse åleine med keeper og ei god kontring der avslutninga går utanfor.

Etter kvilen legg Surnadal press på Volda frå start. Snaue to minutt ut i omgangen gjev det utteljing, når høgreback Håkon Bredesen utliknar til 1-1 med eit skot frå hjørnet av 16-meteren.

Aalesund 2 neste

63 minutt er spelt når Volda ropar på straffe etter at banas dominerande spelar, Rune Haugen, går ned i feltet, men dommaren vinkar spelet vidare. Minuttet etterpå tek likevel heimelaget leiinga igjen, og også dette målet er signert Christoffer Bjerknes. Haugen får lagt inn etter at han kjem seg rundt på kanten, og etter eit skot frå innbytar Isak Skjærset får Bjerknes ein enkel jobb med å sette inn 2-1 frå kort hald.

Ti minutt seinare aukar Volda til 3-1, denne gongen ved Vegard Hellebust etter corner frå Bjørnar Liaskar. Som Bjerknes, scora og Hellebust då Surnadal gjesta Volda i fjor, den gongen på straffe.

Fleire mål vert det ikkje i kampen, og dermed står Surnadal framleis utan poeng etter tre serierundar. Neste sjanse til seier for blåtrøyene er heime mot Aalesund 2 måndag 6. mai.

Kampfakta:

Volda – Surnadal 3-1 (1-0)

Mål:

1-0 Christoffer Bjerknes (13. min.)

1-1 Håkon Bredesen (47. min.)

2-1 Christoffer Bjerknes (64. min.)

3-1 Vegard Hellebust (74. min.)

Surnadal starta med følgjande lag:

Steinar Ranheim – Håkon Bredesen, Trond Blekken (kaptein), Emil Ansnes, Simen Engdal – Dan Blekken, Snorre Larsen, Andreas Dalsegg Sæter, Stein Todalshaug – Bjørnar Dalsegg Sæter, Lars Mogstad.