Driva var på UKM-konsert i Sunndal sportshall laurdag og vart imponert over nivået.

Dei fleste lokale utøvarane - frå Indre Nordmøre - gjorde unna sine opptredenar fredag kveld, men vi fekk i alle fall to nummer frå Driva-distriktet på laurdag; Eidevo frå Nesset og Hümør frå Surnadal. Ingen av desse skjemde laget.

Og for dei som ikkje har høve til å gå på alle konsertane, kan vi oppleve alt live på UKM-tv under ukm.no. Ikkje riktig det same som å høyre utøvarane direkte frå scena, men profft opptak og god lyd, gjer det til ei god erstatning.

Livesendingar får vi frå konserten klokka 22 laurdag kveld og klokka 12 og klokka 14 på søndag.

Ansvarleg for det tekniske arrangementet, Steinar Husby, seier seg godt nøgd med gjennomføringa etter show som har gått på skinner heile vegen.

Kvoten til Møre og Romsdal er på 30 utøvarar fordelt på scene, kunst, filmar, konferansierar, internettredaktørar, Web-tv-teknikarar og tekniske arrangørar som går vidare til landsmønstring. Juryen får ein stri jobb med å sile ut blant aktørar av høg kvalitet.

Meir om fylkesmønstringa i Driva på måndag.