For fjerde gong på firebortekampar denne sesongen måtte Surnadal ta den lange turen til Sunnmøre -denne gongen for å spele mot Brattvåg.

Etter to sure, knepne tap mot Hødd 2 og Averøykameratene i dei to sistekampane, var eit revansjelystent Surnadal-lag klar for å gje heimesterkesunnmøringar hard kamp om poenga.

Brattvåg stod før kampen med sju poeng av ni mulege på eige gras, etter2-2 mot Larsnes/Gursken, 7-0 over Bergsøy og 4-1 over Elnesvågen og Omegn.

Uheldig start

Surnadal reiste heim med 1-1 og eitt poeng i bagasjen då dei var iBrattvågen i fjor, men denne gongen fekk dei ein verst tenkeleg start påkampen. Berre to minutt er spelt når Carl Björck sender Brattvåg opp i leiinga.Björck har tidlegare spelt for Djurgården i Allsvenskan og to U19-landskamparfor Sverige, og er ein av fleire nysigneringar som viser at Brattvåg verkelegsatsar denne sesongen.

Fem minutt før pause slår Brattvåg-spelar Thomas Aarsund inn, ogKristian Grønmyr legg på til 2-0. Surnadal gjev ikkje opp av den grunn, ogikkje lenge etter at Björck og Brattvåg set ein ball i stolpen, blirsurnadalingane snytt for eit soleklart straffespark.

Dessverre for Surnadal kjem aldri reduseringa som ville skapt nyspenning i kampen. I staden aukar Finn Alvestad til 3-0 fem minutt før fulltid, medan avdelinga sin toppscorar Carl Björck fastset sluttresultatet til 4-0med sitt 11. mål for sesongen.

Nøkkelkamp neste

Med straffe til Surnadal på stillinga 2-0 til Brattvåg kunne kanskjeresultatet vore annleis, men det endar altså med tre poeng til heimelaget.Sjølv om Surnadal no ligg sist på tabellen, er det berre tre poeng opp tiltrygg plass.

Neste laurdag kjem Bergsøy, som ligg plassen framfor Surnadal påtabellen, på besøk til Nordmøre.

Kampfakta:

Brattvåg – Surnadal 4-0 (2-0)

Mål:

1-0 Carl Björck (2. min.)2-0 Kristian Grønmyr (40. min.)3-0 Finn Alvestad (85. min.)4-0 Carl Björck (89. min.)

Gule kort: Steinar Heggset, Sondre Bøe, Emil Ansnes og Lars Mogstad,Surnadal.

Surnadal starta med følgjande lag:

John Arvid Aamodt Husby – Håkon Bredesen, Trond Blekken, Sondre Bøe,Emil Ansnes – Dan Blekken, Andreas Dalsegg Sæter, Snorre Larsen, BjørnarDalsegg Sæter – Steinar Heggset, Lars Mogstad.