Styret for Helse Møre og Romsdal vedtok i dag å sette i gang tidligfaseplanlegginga av det nye akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Eit av stega i planlegginga er at helseføretaket no går inn i eit tett samarbeid med kommunane Gjemnes, Kristiansund og Molde om kommunedelplanarbeidet. Der vil ein greie ut mogelege plasseringar for nytt akuttsjukehus i Nordmøre og Romsdal. Dette skjer i samband med at kvar av kommunane no førebur eitt tomtealternativ dei ønskjer å fremje som aktuelt for det nye sjukehuset.

I dette arbeidet vil Møre og Romsdal fylkeskommune støtte helseføretaket og kommunane med kvalitetssikring og koordinering av arbeidet opp mot plan- og bygningslova.

– Styret vet at det er forventningar i organisasjonen om at tomtealternativa er klare så tidlig som mogleg, fortel styreleiar John Harry Kvalshaug i ei pressemelding.

– Alle aktørar arbeider for å få avklara tomtevalet så tidleg som råd, men vi må vere innstilt på at det vil vere ein bonus om valet kan vere klart i 2014.