Foto: Kallestad, Gorm

Elevane i Møre og Romsdal er tredje best i Noreg til å drikke skulemjølk, melder opplysningskontoret for meieriprodukter.

I tillegg har dei den nest størst auken i prosentvis oppslutning samanlikna med resten av fylka i landet.

65,1 prosent av elevane i Møre og Romsdal var med på skulemjølkordninga i skuleåret 2009/2010, dette er ein auke på 1,56 prosent frå førre skuleår.

Tradisjonen tru er det berre elevane i Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane som drikk meir skulemjølk enn elevane i Møre og Romsdal.

Totalt får 51,5 prosent av elevane i norske barne- og ungdomsskular servert mjølk til skulematen. Dette er en tilbakegang frå i fjor på 0,4 prosent.