FISK: Guri og Sivert Myrvang med fisk frå Aursjøen

Av dei som sendte inn fangstmeldingar i 2011 vart Ole Myklebostad frå Åndalsnes trekt ut som vinnar av eit gåvekort på kr. 500.

Nesset Fjellstyre ber om at flest mogleg sender inn fangstmeldingar slik at ein kan få ein betre oversikt over tilstanden i dei ulike vatna og vassdraga. Dette er viktig slik at ein kan setje i gang eventuelle kultiveringstiltak.

Fjellstyret ser fram til at Statkraft kan levere settefisk frå sitt nye anlegg i Eikesdal i 2013. Då kan fjellstyret igjen kultivere vatn som i dag er fisketomme. Vi ser tydleg at kultiveringsarbeidet gjev resultat i enkelte vatn i SandgrovbotnenFangstmeldingane frå småviltjakta hausten 2011 syner at ein jeger som kjøper småviltkort av Nesset Fjellstyre i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning kan rekne med å skyte 0,9 ryper pr. jaktdag. Dette er det same som i 2010 og noko betre enn i 2009.

Om lag 25 prosent av jegerane sender inn fangstmelding, ein andel Nesset Fjellstyre arbeider for å auke.

Ragnhild Fagerslett, Eresfjord var mellom dei som sendte inn fangstmelding i 2011. Ho vart trekt ut som vinnar av gåvekortet på kr. 500.

Nesset Fjellstyre har dei siste åra solgt nokre få kort for småviltjakt med hund i avgrensa område. Fangststatistikken syner at desse jegerane skyt færre fugl enn dei utan hund. Noko av forklaringa her kan vere at bestanden av lirype, som jegerane med hund jakter etter, ser ut til å vere dårlegare enn fjellrype.