Sanitetsforeninga har tradisjon på innsamling av klær til Estland. Laurdag var det 6. gonagen de hadde slik aksjon, og det var stor givarglede, fortel May Elisabeth Holten som har vore innsamlingsledar. Denne gongen vart det heile 142 sekkar med klær, leiker og anna som skal sendast til Estland. Det skjer i samarbeid med Estlandforeninga i Rindal, som organiserer transport til Estland for utdeling til folk og institusjonar som treng hjelp, fortel ho.
Det kom faktisk folk frå heile kommunen, for å levere inn klær som dei ikkje treng lenger. Lagerskuret til Todalen sanitetsforening vart nesten fullt før dagen var omme.
Sanitetsforeninga tok 25 kroner per sekk, som skal dekke transport til Estland, og det betalte folk gladeleg for å bli kvitt “overskotslageret”. Sanitetsforeninga kvitterte med å spandere kaffe og litt heimebakst på dei som kom og leverte, og det var til tider livleg i Sanitetshuset utover dagen.
Av Jon Olav Ørsal