Statens vegvesen starta med nye elektroniske kontrollar i oktober 2010. Sidan den gong har nummeret på avskiltingar berre auka.

Vegvesenet har ikkje konkrete tal, men Jan Arild Johansen, avdelingsdirektør på trafikant- og køyretyavdelinga Region Midt-Noreg i Statens vegvesen, fortel til NRK Møre og Romsdal at rundt 100 bilar blir avskilta i berre Møre og Romsdal kvar månad.

Dette er ein stor auke i forhold til før det elektroniske utstyret.

– Det har vore ei bevisst satsing på elektronisk utstyr som plukkar ut kjørety med manglar. Anten det er knytt til EU-kontroll, årsavgift eller forsikring. På denne måten plukkar vi effektivt ut dei som ikkje har alt i orden, og dei som har alt i orden kan passere utan bry, fortel Johansen.