Mellom desse nye er ei perle av ein song:  «Naboens gyngestol».

- Ja takk, meir av dette Gro.

Med seg på plata og på konmserten på Prestegarden på søndag har Gro eit draumelag frå distriktet: Erik Fostervoll på trøorgel , Marit Aspås på cello og Øystein Sandbukt på gitar og mandolin.

Desse fantastiske musikarane har spelt saman i ulike samansettingar men no er det Gro som har plukka stoffet og så har dei i samarbeid utarbeidd arrangementa. Noko er gjennomarrangert og noko er improvisert.  På Nesset prestegard får vi stort sett melodiar frå plata som er gitt ut på selskapet: «ta:lik» og den blir til salgs etter konserten.

Etter konserten vil det og vere åpent i Øivind Leren si fotoutstilling i fjøsen på prestegarden der han presenterer to utstillingar, den eine med naturbilder; «Romsdal Naturen Landskapet Lyset»  og  «Til Romsdal» der han har henta tekstutdrag frå Bjørnson som han har kobla med ei rekke bilder.  Det blir enkel kafe.