Vil ha kommunal flaggdag 8. mars

Erling Outzen (SV) med interpellasjon til kommunestyret.

Erling Outzen (SV).  Foto: Ingrid Ellevset

Sunndal

27. mars er det kommunestyremøte i Sunndal. Til møtet varslar Erling Outzen ein interpellasjon - der han tek til orde for kommunal flaggdag 8. mars. Han syner til at det framleis er mars månd - den månaden den internasjonale kvinnedagen er lagt til.

- Dei viktigaste statlege flaggdagane er i mai – 1. mai, 8. mai og 17. mai. Dagar da alle kommunar flaggar, i tillegg til staten. Og mange av oss privatpersonar. Flaggdagane i mai er svært viktige datoar. Alle saman. 1. mai for arbeidarrørsla, 8. mai for frigjeringa frå nazi-okkupasjonen, 17. mai som grunnlovsdagen og starten på demokratiet her i landet.

- Men kvinner er halve folket. Utan like rettar for kvinner kan det ikkje finnast folkestyre fullt ut. Det tok nesten hundre år frå grunnlova blei vedtatt til kvinnene her i landet fekk stemmerett. Og vi var eitt av dei første landa som innførte det. Sidan da har det vore kjempa mange kampar frå kvinnene og menn som støttar dei, for større likestilling og kvinnerettar. Og framleis er vi ikkje i mål. Heller ikkje her i landet. Retten til å bestemme over eigen kropp er under press, likelønn er det framleis ikkje. For å nemne to eksempel.

8. mars er derfor ein svært viktig markeringsdag for mange kvinner og ein god del menn. Men 8. mars er ikkje ein offisiell statleg flaggdag – enno. Derimot har kommunestyret i Bergen vedtatt kommunal flagging også 8. mars, i tillegg til dei statleg bestemte flaggdagane. Det synest eg Sunndal kommune også skal gjere. Eg håpar ordføraren er einig med meg i det. Eg trur mange vil sette pris på at Sunndal kommune flaggar også 8. mars.