Samferdselsministeren til Sunndal torsdag

Ute på vekelang sommartur, besøker Grytnes AS.
Sunndal

Også i år legg samferdselsministeren ut på ein vekelang sommartur for å sjå, lære og få innspel.

Turen starta i Oslo måndag 5. august, går innom åtte fylker til lands, til vanns og på skinner, og inneheld fleire stopp og besøk langs vegen.

– Eg ser fram til teste vegane og jernbanelinene våre, til å synfare prosjekt under bygging, til å besøke flyplassar og hamner og til å møte bedrifter og folk, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I fem dagar skal han reise rundt, hovudsakleg på Austlandet, Vestlandet og Trøndelag denne gongen.

- Målet med samferdselspolitikken er å  binde landet tettare saman og å styrke konkurransekrafta for næringslivet. Rett og slett å gjere kvardagen enklare for oss alle, anten vi pendlar, hentar i barnehagen eller leverer varer til kundane våre. Da er det viktig å gjere riktige prioriteringar. På slike turar får eg sjå med eigne auge kva tilstand transportnettet vårt er i, og eg får vite kor skoen trykker for folk og næringsliv. Kva for transportutfordringar er det dei står i og som vi må bidra til å løyse? Det får eg gode svar på når eg er ute på vegen, seier Dale.

Torsdag 8. august kjem Dale til Sunndal. Første stopp denne dagen er i Gudbrandsdalen, ved Lom bakeri. Deretter vil samferdselsministeren få ei orientering frå Nye Veier AS i Otta før reisa går vidare med tog til Oppdal. Ved Ulsberg vil Dale ha eit nytt møte med Nye Veier AS før turen går vidare til Grytnes Entreprenør i Sunndalsøra. På kvelden er det lagt inn eit besøk til Baatbyggeriet på Vestnes.