- Klatring er moro!

– Eg er kjøle glad for at det kom så mange kom til åpninga!

Full fart: Ein glad Tore Rødseth Ulvund (i hjørnet bak til venstre) konstaterer med stor glede at klatretilbodet på låven i Utistua på Ålvund fell i smak blant dei mange frammøtte på åpningsdagen. 

Sunndal

Det seier initiativtakar til klatreveggen i Utistua på Ålvund, Tore Rødseth Ulvund, til Driva. Søndag var det invitert til åpning av det nye klatreanlegget på låven på heimgarden. Og brukarane var ikkje tunge å be – dei aller fleste var frå dei yngre årsklassane. – Oppmøtet i dag er nesten sjokkerande, seier Tore. – No får vi ta ein prat med foreldra. Håpet er at flest muleg vil delta på eit tryggleikskurs, slik at dei blir skolerte til å vera med som leiarar etter tur. Brukarane vil bli tilbydd eit par gratis prøvetimar, og etter kvart vil dei kunne teikne medlemskap i det nystarta Ålvundfjord klivarlag. Truleg vil det bli lagt opp til trening eit par dagar i veka – den eine på helg og den andre ein dag midt i veka. Dette vil det bli informert nærare om etter kvart som behovet blir klarlagt, seier Tore.

Driva kjem med fleire bilete frå den store aktiviteten under åpningsdagen i onsdagsavisa.