No er det avklara at NOPA støttar dette låtskrivarprosjektet for fjerde år på rad, og bakgrunnen for det er gode erfaringar og resultat frå tidlegare arrangement, seier Eric Malling på Todalshytta til Todalen.no.

Malling er glad for at dette no har gått i orden og dermed er det duka for nytt låtskrivarverkstad på Todalshytta frå 23. – 26. september, der arrangementet avsluttes med ny RAUS-konsert onsdag 26. september.

Malling fortel vidare at det blir både nye og gamle deltakarar på låtskrivarseminaret, der dei jobbar med tekster i to og ein halv dag og avsluttar med konsert.

Kven dette blir er ikkje heilt avklart, men det er stor interesse for å bli med på dette arrangementet.

Av lokale kandidatar som har delteke på seminaret er Jo Sverre Sande som deltok i fjor, og han kjem no med ny CD som har tekster som er skrive på låtseminaret.

I samband med årets arrangement er det planlagt gruppearbeid for å skrive eigen låt til Todalen eller Todalshytta.

Les meir på Todalen.no.