No blir det billettering ved hjelp av skiltgjenkjenning

Billettering ved skiltgjenkjenning og nye prisar for ferje blir innført frå måndag 6. april. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

For reisande som har AutoPass for ferje vil billetten automatisk bli belasta denne avtalen/kontoen.

Samstundes er det vedtatt eit justert autopassregulativ som inneber at prisane er justert ned i høve det som først var føreslått. Pris for privatbil blir omtrent som i dag. For større køyretøy blir prisen noko lågare enn i dag. Beløpet som skal betalast inn på forskot blir og betydelig redusert.

Dette betyr følgande for reisande med ferje i Møre og Romsdal:

Alle passasjerar/reisande utan køyretøy reiser gratis.

Alle køyretøy blir billettert ved skiltgjenkjenning.

For køyretøy med AutoPass for ferje blir prisen belasta avtalen.

For køyretøy utan avtale, blir eigar fakturert i etterkant.

For å få rabatt på ferjereiser, må det vere oppretta ein avtale om AutoPass for ferje knytt til ditt bilnummer. Dette gjer du på autopassferje.no.

Inntil vidare er det ikkje er behov for autopassbrikke i bilen på ferjesamband i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fylkeskommune vel å følgje det staten gjer i høve reisande som ikkje har betalt for ferjereiser i perioden frå manuell billettering blei stoppa og til den nye ordninga no kjem i gong.

- Reglane fram til no har ikkje gitt oss høve til å etterfakturere ferjereisande. Reiser som er blitt gjennomført utan billettering i perioden med manuell billettering vil derfor ikkje bli fakturert, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift hos FRAM. Frå søndag har vi heimel til slik etterfakturering, og alle trafikantar, også dei som ikkje har AutoPASS ferje, må betale, avsluttar seksjonsleiar Jesper Wiig.