Utøvarar innan telemark, randonee, fotball og administrasjon:

Fekk velfortjente prisar

Sondre Svensli og Bjørn Magne Øverås er tildelt årets idrettspris i Nesset. Utøvarar innan telemark og fotball vart også heidra under Eidsvågdagane laurdag.

Idrettspris: Sondre Svensli og Bjørn Magne Øverås fekk tildelt idrettspris av leiar Ivar Øyen i Nesset Idrettsråd.  Foto: Sigmund Tjelle

Sport

Årets Eidsvågdagar fortsette med full tyngde laurdag. Ein stad mellom 600 og 700 tilskodarar  - kanskje fleire, var til stades på Alstadplassen da leiar i Eidsvåg Idrettslag, Inger Anne Øyen og leiar Ivar Øyen i Nesset Idrettsråd delte på å dele ut prisar og heider nokre av dei mange aktive utøvarane i idrettslaget.