Mange bra kamper under Open Dutch i Nederland

- Vi har hausta erfaring og fått mykje viktig inspirasjon, seier Kjell Gunnar Polden.

Det blei ikkje gullmedalje på Sindre Bruset, men stemninga var på topp.  

Sport

Forventningane vart innfridd og vel så det, da Taekwondo-juniorane kjempa i Open Dutch under turen til Nederland i helga. Det var mange bra kampar til tross for litt uheldig trekking når to av våre møtte to EM-vinnarar i første runde. Men skal du vinne så må du slå alle, skriv Kjell Gunnar Polden som har sendt Todalen.no bilde og nokre kommentarar.

Reiser til Dutch Open for å lære - har med fem førstereis utøvere

Surnadal Taekwondoklubb reiser til Dutch Open med fem unge internasjonalt uerfarne utøvere. Målet er å lære.

Polden skriver dette til Todalen.no:
- Vi har hausta mykje erfaring og fått mykje viktig inspirasjon. No må vi trene meir på dei rette tinga, og vi må ha meir mesterskapserfaring skal vi nå toppen i Europa. Men glede og personleg utvikling er det viktigaste. Det var kanskje litt hardere kontaktnivå i sparringa enn vi går i Norge, men det takla deltakarane rimeleg bra. Mange artige og gode opplevingar på turen sett under ett. Ein ekstra dag i Amsterdam var fint, og Sindre på bilder er godt fornøyd der han står med «gull» på kvar side om det ikkje vart rundt halsen. Begge er tidligere elever ved Nordmøre Folkehøgskule.