Årsfest med utdeling av vel fortjente prisar

Tradisjon tru arrangerte Surnadal IL fotball sin årsfest etter sesongen laurdag 09.11. På årsfesten var det utdeling av prisar til årets spelar, årets unge spelar, årets SIL-gut/SIL-dråk, toppskårar og assistkonge/assistdronning.

Kretsmeisterar :i iD3. F.fv. Beret Grytskog Skralthaug, Else Vaseng Kvammen, Ida Ranes, Emilie Brøske Rønning, Marte Nes, Lone Brøske, Ine Fiske, Stine Fiske, Marte Strand, Karen Grytskog Skralthaug, Julie Stavås og trenar Erling Fiske. B.fv: Astrid Dammen Gjeldnes, Johanne Kvendset Andersen, Hanne Dønnem, Fride Husby Haugen, Mia Settemsdal, Gunn Mari Våbenø, Andrea Eide Naustbakk, Alice Eide Naustbakk, Emma Sæther, Ane Mogstad og Oda Bæverfjord. 

Sport

Årsfesten starta tradisjonelt med middag i restauranten på Surnadal Hotell. I år var det tapasbuffet som stod på menyen. Etter ein liten velkomst frå leiar i fotballgruppa, Ole Joar Bruset, fekk alle moglegheita til å ete seg mett og vel så det på både varme, kalde og søte rettar, før laget trekte over i Den Glade Laks, som var avsett til fotballgruppa for kvelden.