Rekrutteringsproblem for telemarkskøyrarane:

– No vil vi ha snø

Mangel på snø skaper vanskar for skiidrettane. – No treng vi snø, seier Lars Kristian Kvernberg som er i støtteapparatet for telemarkskøyrarane i Eidsvåg IL.

rjukan: Erik Kvernberg (til venstre), Kaja Husvik. Tor-Kjetil Alstad og Rakel Kvernberg Blø deltok under helgas WC-renn i Rjukan. 

Sport

I helga representerte fire utøvarar frå Eidsvåg Norge under WC renna i telemarkkøyring i Rjukan. I tillegg til Erik Kvernberg og Tor Kjetil Alstad, som er på WC-laget, deltok også Rakel Kvernberg Blø og Kaja Husvik som debuterte i verdscupen berre 16 år gammal.