Pressemelding frå Surnadal IL:
På grunn av den pågåande situasjonen med koronaviruset og anbefalingane frå Norges skiforbund og Norges Fotballforbund har Surnadal IL vald å stoppe all aktivitet i alle grupper til og med 30. april.
Dette gjeld alle treningar, kampar/konkurransar og samlingar.
Det er sjølvsagt leit at vi må stoppe all aktivitet, men i lys av situasjonen er dette det einaste rette å gjere. Surnadal IL skal vere med i den nasjonale dugnaden for å hindre smittespreiing og då er dette det mest effektive tiltaket vi kan gjere. Vi meiner det er rett å stoppe all aktivitet og ikkje berre i dei gruppene der særforbunda har stoppa aktiviteten.
Framover skal vi følje råda frå helsemyndigheitene, kommunen og Idrettsforbundet.
Kveldens årsmøte i hovudlaget vil gå som normalt, men vi bed på det sterkaste alle som har vore i område med smittespreiing eller har symptom som kan stemme overeins med korona om å ikkje møte opp.
Les også:
- De sterkeste og mest inngripende tiltak vi har hatt i Norge i fredstid