Kvalifiserte seg for VM i Thailand

Sterk prestasjon under Molde 7 topper laurdag.

Dei tre beste i herreklassen - Anders Kjærevik, Tobias Dahl Fenre og Kristoffer Nordvik. Foto: arrangøren. 

Sport

Kristoffer Nordvik sikra seg 3-plassen og dermed blir det nok kvalifisering til VM-deltaking i Thailand i november. Etter kanonsterkt løp under Molde 7 topper Ultra der han låg på 2.-og 3- plass gjennom heile løpet, vart det ved målgang på området ved Romsdalsmuseet til slutt ein 3.-plass.