Ein sport for alle

– Klubbmeisterskapet er ei artig avslutning på sesongen

20 personar deltok i Surnadal IL Frisbee sitt klubbmeisterskap. Vêret spelte på lag og det vart kåra vinnarar i dei fire klassene.
Sport

Klassene er herre open, dame open, novice (amatør) og junior. Dei som deltok var frå Surnadal og Hemne. Marit Mo i Surnadal IL Frisbee seier til Driva at Hemne frisbeegolf er flinke og lojale deltakarar. Ein må melde seg inn i Surnadal IL Frisbee for å kunne delta i meisterskapet, noko Hemne frisbeegolf gjorde.