Egil Ruud trakk seg tidlegare i veka som hovudtrenar for Sunndal sitt 3. divisjonslag i fotball. Det var difor knytt stor spenning til laurdagens bortekamp mot nyopprykka Spjelkavik, som hadde spelt uavgjort heime mot KBK 2 og slått Surnadal på bortebane i sine to første kampar.
Sunndal på si siste fekk med seg eitt poeng heim frå den tøffe bortekampen mot Larsnes/Gursken i serieopninga, før dei var ineffektive og skuffa med 1-4-tap heime mot Stranda i runden etter. Det låg difor an til ein open kamp på Sunnmøre laurdag.
Etter 25 minutt av den første omgangen tok Sunndal leiinga ved veteranen Ståle Rønningen, som vanlegvis ikkje kjem til å spele bortekampar denne sesongen.
På grunn av det ekstra behovet for rutinerte personar rundt A-laget i denne kampen, spesielt sidan Sunndal sin midlertidige trenar Trond Romundstad ikkje var med til Sunnmøre, var likevel Rønningen på plass på Sunndal-midtbana frå start. Sportsleg leiar Jonny Lunde var og med laget på langtur til Spjelkavika.
Rønningen sitt mål vart det einaste før pause, men etter 55 minutt utliknar Trond Håkon Edøy for Spjelkavik, etter rot i Sunndal-feltet.
Utover i omgangen bølgja kampen fram og tilbake, utan at nokon av laga klarte å få ballen i mål. Spjelkavik pådrog seg tre gule kort mot tekniske og kjappe Sunndal-spelarar, men på måltavla måtte både Sunndal og Spjelkavik nøye seg med det eine målet dei allereie hadde. Begge laga hadde sine gode periodar i kampen, så etter rapportane var uavgjort eit rettferdig resultat.
Dermed spelar Sunndal uavgjort, for andre gong på to bortekampar på Sunnmøre. Neste kamp for sunndalingane er heime mot Volda, laurdag 4. mai.
Kampfakta:
Spjelkavik – Sunndal 1-1 (0-1)
Mål:
0-1 Ståle Rønningen (25. min.)
1-1 Trond Håkon Edøy (55. min.)
Sunndal starta med følgjande lag:
Thomas Ulvund Monsøy – Ola Ruud Ramsli, Brage Hauglann Talgø, Petter Blekken Melkild, Sander Resell Grimelid – Christian Danielsen, Torgeir Ruud Ramsli, Ståle Rønningen – Erik Ruud Ramsli, Erik Rudi, Andreas Hustad.