Det var lenge mållaust då Sunndal gjesta Larsnes/Gursken i første serierunde i 3. divisjon avdeling 9. Sunndal, som med eit svært ungt lag vann 2-1 borte mot same motstandar førre sesong, mangla denne gongen viktige spelarar som Eivind Lervik, Christian Danielsen og Ståle Rønningen.

– Vi er kanskje endå meir svekka no enn då vi møtte Larsnes/Gursken borte i fjor, men vi har bestemt oss for å ikkje reise dit for å legge oss, sa Egil Ruud til Driva tidlegare i veka.

Og sunndalingane la seg heller ikkje, sjølv om dei møtte eit fysisk sterkare lag i Larsnes/Gursken. Ved pause stod det 0-0, og først åtte minutt før slutt kom den første scoringa i kampen.

Dessverre for Sunndal kom den feil veg, etter at Christoffer Rekdal sendte i veg ein susar frå 25 meter, utakbart for Thomas Ulvund Monsøy i Sunndal-målet.

Det såg då ut til at det skulle gå mot tre poeng for det hardtsatsande heimelaget, men som trenar Egil Ruud sjølv har påpeika mange gonger, Sunndal sin ekstreme fart offensivt er eit svært farleg våpen på bortebane.

I kampens siste minutt sprang lynhurtige Erik Ruud Ramsli frå alt og alle nedover kanten, og la tilbake til Erik Rudi, som kontant sette inn 1-1.

Ikkje lenge etter bles dommaren i fløyta for siste gong, og eit Sunndal-lag med sju juniorar frå start kunne juble for eit sterkt bortepoeng mot eit Larsnes/Gursken-lag tippa på øvre halvdel av tabellen.

Kampfakta:

Larsnes/Gursken – Sunndal 1-1 (0-0)

1-0 Christoffer Rekdal (82. min.)

1-1 Erik Rudi (90. min)

Gule kort: Erik Rudi og John Solbakk, Sunndal.

Surnadal tapte mot Stranda

Sendt heim frå Sunnmøre med 1-4-tap etter tre baklengs i andre omgang.

– Vi skal gå ut for å prøve å vinne, og vere offensive i tankegangen, sa Surnadal-trenar Asgeir Stavne til Driva før serieopninga borte mot Stranda.

Dette var ein kamp Surnadal tapte 1-3 førre sesong, men etter at dei slo sunnmøringane heile 6-2 i serieavslutninga i fjor, hadde laget stor tru på at dei kunne få med seg både eitt og tre poeng heim frå kunstgraset på Stranda stadion.

Etter 37 minutt tok likevel Stranda leiinga ved forsvarar Bengt Hole Alnes, men Andreas Dalsegg Sæter utlikna til 1-1 to minutt før pause. Dermed var laga like langt etter første omgang.

I fjorårets møte mellom laga sørgja Mario Strecky og Kasper Koppang for 2-1 og 3-1 til Stranda. Laurdag gjentok dei bedrifta, etter henhaldsvis 53 og 78 minutt. Dermed såg det mørkt ut med tanke på Surnadal-poeng, og i kampens siste minutt sette Andreas Mulelid Kvam spikeren i kista med sitt 4-1-mål.

Dermed fekk det unge Surnadal-laget ein skuffande start på sesongen, men allereie neste helg får dei ei ny mulegheit til seier, når Spjelkavik kjem på besøk til Amfi Park.

Av Øystein Hjelle Bondhus.

Kampfakta:

Stranda – Surnadal 4-1 (1-1)

Mål:

1-0 Bengt Hole Ansnes (37. min.)

1-1 Andreas Dalsegg Sæter (43. min.)

2-1 Mario Strecky (53. min.)

3-1 Kasper Koppang (78. min.)

4-1 Andreas Mulelid Kvam (90. min.)