Sunndal er inne i eit generasjonsskifte, og har variert ein del i prestasjonane så langt denne sesongen. Måndag kom Hødd 2 på besøk til Nordmøre, og Sunndal-trenar Ole Sveen var optimist før kampen:

– Eg har god tru på siger, sjølv om det heilt sikkert ikkje blir enkelt. På heimebane skal vi styre kampane våre, så vi går ut for å angripe, sa han til Driva etter 2-5-tapet borte mot Aalesund 2 fredag.

Og var det ein ting Sunndal gjorde mot Hødd 2, var det å angripe. Allereie etter to minutt sette Erik Rudi inn 1-0 til heimelaget, og berre to minutt seinare dobla Ståle Rønningen leiinga. Veteranen Rønningen skulle, som vanleg, vise seg å bli sentral for sunndalingane.

Heimepublikum hadde nemleg mykje meir i vente, for etter 26 minutt scora Erik Rudi sitt andre mål for dagen.

Erik Ruud Ramsli sørgja for ny Sunndal-jubel nokre minutt seinare, og dermed stod det 4-0 til raudtrøyene – og det etter berre ein halvtime.

Hødd 2 hang verkeleg ikkje med kvikke Sunndal-bein denne måndagen, og om lag fem minutt før pause sette Ståle Rønningen inn 5-0, som vart resultatet til pause.

Sunndal starta andre omgang som dei avslutta den første – med eit mål av Ståle Rønningen, som med 6-0-målet og kunne notere seg for hat-trick.

Andreas Hustad scora begge Sunndal sine mål før han måtte ut på grunn av sjukdom i bortetapet mot Aalesund 2 sist, og etter 54 minutt sørgja han for å kome i målprotokollen og mot Hødd 2.

Med heile 7-0 til Sunndal snaue ti minutt ut i andre omgang, var spørsmålet berre kor stor sigeren skulle bli i trenar Sveen sin heimedebut. Etter det sjuande målet viste det seg at målshowet var over for denne gong, for det åttande Sunndal-målet kom aldri.

Likevel kunne heimelaget bokføre ein råsterk 7-0-siger, og ein god porsjon ekstra sjølvtillit før bortekampen mot Averøykameratene på laurdag.

Av Øystein Hjelle Bondhus