Surnadal tok laurdag sin andre siger for sesongen då dei slo Elnesvågen og Omegn (EOIL) 4-3 i ein dramatisk kamp.

– Spelarane har beheldt humøret og trua på at dei er gode fotballspelarar. Då kjem resultata til slutt. Dette var rett og slett stort, seier ein glad Surnadal-trenar Asgeir Stavne.

– Eg trur aldri Surnadal har sett ein gladare trenar før, det er eg overbevist om, seier han.

Den starta på best tenkelege måte for Surnadal, då Helge Drøpping gav laget leiinga etter 13 minutt. Andreas Dalsegg Sæter auka til 2-0 då han banka ballen i krysset om lag fem minutt seinare.

Etter Surnadal sitt andre mål kom bortelaget litt betre med i kampen, men surnadalingane hadde framleis god kontroll bakover. Dermed stod 2-0 seg til pause.

Dobbel snuoperasjon

Om den første omgangen starta bra for Surnadal, kan ikkje det same seiast om den andre. 50 minutt var spelt då tidlegare Molde-spelar Peter Berg Hestad sende eit frispark rett i krysset.

I det 61. minuttet utlikna målfarlege Kristian Benjaminsen til 2-2, og Elnesvågen og Omegn sin snuoperasjon såg ut til å vere komplett då Anders Hustad sette inn 2-3 eit snautt kvarter før slutt. Då sette Stavne inn Bjørnar Dalsegg Sæter, og la om frå 4-2-3-1 til 4-4-2.

Surnadal har i mange av kampane denne sesongen vist seg frå ei langt betre side enn det sluttresultata har vist. Dei hadde difor på ingen måte tenkt å gje seg utan kamp denne laurdagen.

Innbytar Bjørnar Dalsegg Sæter utlikna til 3-3 ikkje lenge etter EOIL sitt leiarmål, og heilt på tampen av kampen avgjorde same mann kampen til Surnadal sin fordel – til stor jubel frå heimepublikummet på Syltøran.

– Dette var veldig viktig for oss, og gjev oss sjølvtillit, seier Stavne, som trekkjer fram mellom anna Stein Todalshaug som knallgod mot Elnesvågen og Omegn.

KBK 2 neste

Etter bortekampen mot Herd fortalte trenar Stavne at han meinte Surnadal var avhengige av å ta eit par sigrar før sommarferien, for å ha håp om å berge plassen i divisjonen.

No er altså den første av desse sigrane i boks, og neste mulegheit for tre poeng er borte mot Kristiansund BK 2 måndag 17. juni.

– Det er vanskeleg å skryte veldig mykje av laget når vi ligg der vi ligg på tabellen, men det er ingen tvil om at dette kan bli bra på sikt. Likevel må vi passe på at vi ikkje er for høgt oppe no. Vi har mykje jobb som skal gjerast, og får ingenting gratis. Men eg står fast på at vi spelar god fotball, og er eit bra lag, seier Stavne.

Kampfakta:

Surnadal – Elnesvågen og Omegn 4-3 (2-0)

Mål:

1-0 Helge Drøpping (13. min.)

2-0 Andreas Dalsegg Sæter (19. min.)

2-1 Peter Berg Hestad (50. min.)

2-2 Kristian Benjaminsen (61. min.)

2-3 Anders Hustad (77. min.)

3-3 Bjørnar Dalsegg Sæter (79. min.)

4-3 Bjørnar Dalsegg Sæter (90. min.)

Surnadal starta med følgjande lag:

Steinar Ranheim – Håkon Bredesen, Trond Blekken, Emil Ansnes, Simen Engdal – Snorre Larsen, Sondre Bøe (Bjørnar Dalsegg Sæter inn i 77. min.) – Dan Blekken, Andreas Dalsegg Sæter, Stein Todalshaug – Helge Drøpping.