Sunndal vann laurdag3-2 borte mot Averøykameratene (AK), etter to mål av Andreas Hustad ogstraffescoring av Eivind Lervik.

Før kampen håpa trenarOle Sveen at laget hans skulle ta årets første bortesiger.

– Står vi på for fullter det muleg å ta med seg poeng frå Bruhagen, vi må ta med oss trykket ogaggressiviteten vi har vist i heimekampane, sa trenaren etter 7-0-nedsablingaav Hødd 2 sist.

I fjor vann AK dentilsvarande kampen 2-1, medan Sunndal vann heile 6-1 då laget frå Averøya kompå besøk til Sande. Deisiste åra har sunndalingane hatt eit svært godt tak på AK, som før haustmøtet ifjor ikkje hadde slått Sunndal sidan 2006.

Hustad-dobbel

Andreas Hustad er framleis ein snau månad unna å fylle 18 år, men harlikevel framstått som ein av dei store formspelarane på Sunndal dei sistekampane.

Sjølv om han måtte gå ut allereie i første omgang borte mot Aalesund 2,rakk han å score begge Sunndal sine mål, og han teikna seg og på scoringslistamot Hødd 2 sist.

Mot Averøykameratene sende Hustad Sunndal i leiinga etter 29 minutt,medan Eivind Lervik auka til 2-0 frå straffemerket om lag fem minutt før pause.

Etter 55 minutt reduserte sunndaling og tidlegare Sunndal-spelar JanRoger Angvik frå straffemerket, og dermed var AK berre eitt mål frå å sørgjefor balanse i rekneskapen.

Fem minutt seinare var Andreas Hustad på farten igjen, og med sittfemte mål på dei tre siste kampane ordna han 1-3 og ny tomålsleiing tilbortelaget.

Brattvåg neste

Den stod seg til eit snautt kvarter før slutt, då Vegard Ohrvik scora,akkurat slik han gjorde mot Surnadal førre helg. Sunndal heldt unna etterOhrvik sitt 2-3-mål, og kunne dermed bokføre sin åttande siger overAverøykameratene på dei 11 siste møta mellom laga.

Neste kamp for Sunndal er heime mot Brattvåg laurdag 25. mai.

Kampfakta:

Averøykameratene – Sunndal 2-3 (0-2)

Mål:

0-1 Andreas Hustad (29. min.)0-2 Eivind Lervik (str. 40. min)1-2 Jan Roger Angvik (str. 55. min.)1-3 Andreas Hustad (61. min.)2-3 Vegard Ohrvik (77. min.)

Sunndal starta med følgjande lag:

Thomas Ulvund Monsøy – Ola Ruud Ramsli, Eivind Lervik, Brage HauglannTalgø, Sander Grimelid – Christian Danielsen, Torgeir Ruud Ramsli, PetterBlekken Melkild – Erik Ruud Ramsli, Erik Rudi, Andreas Hustad.